https://www.facebook.com/events/723755995944479

Arrangement i Tromsø domkyrkje søndag 8. januar kl. 14:00 ved Yemane-nettverket i Tromsø. Det er mørketid i Tromsø, og da kan det vere greitt å legge søndsgsturen til byen. Vi inviterer derfor til tidleg ettermiddagsarrangement.

Tema:
Kyrkjeasylantane i Finnsnes kyrkje kan no gå ut av kyrkja etter åtte år! Det er vi glade for. Men korleis er situasjonen for uretunerbare asylsøkarar i Norge i dag? Kva må gjerast for å betre forholda for dei som er uretunerbare?

Medverkande:
Besøk frå Finnsnes (representantar frå støttegruppa og/eller kyrkjeasylantane).

Innlegg ved biskop Olav Øygard og stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV). Begge var svært opptatte av at kyrkjeasylantane måtte få opphaldsløyve, og begge er frå kvar sin ståstad opptatt av at vi som samfunn må finne løysingar som tar vare på menneskeverdet for uretunerbare asylsøkarar.

Orientering om situasjonen for papirlause med vekt på lokale forhold. Ved Hanne Beate Stenvaag, representant for Støttegruppa i Tromsø.

Opplesing og musikk ved unge frå det internasjonale miljøet i Tromsø og organist i Grønnåsen Anni-Mari Pelli.

Kaffe og tid for spørsmål og samtale.