https://fb.me/e/5sQUVIld6

Undereteasjen i Kirkens Bymisjon, Kong Oscarsgate 62,  måndag 8. januar klokka 18.00.

  • Yemanefilmen
  • Musikkinnslag
  • Velkomen – og kort presentasjon av våre krav ved Rahel og Ketil i Mennesker i Limbo. Rahel skal også vera programleiar.
  • Intervju med Sarah og Fariba
  • Utgreiing av situasjonen i Vestland (arbeidet vidare)
  • Appeller frå Raudt, SV, MDG, PRESS (?)
  • Avrunding og musikkinnslag

Utdeling av løpesedler laurdag 6. januar. klokka 13.00.

8. januar kan du vera med på ei markering for papirlause flyktningar sine menneskerettar i Noreg, og få meir innsikt i kva som skjer.

I Noreg er det mellom 1500 og 2000 lengeverande papirlause eller irregulære flyktningar 6-700 av dei er registrerte. Politikarane har over mange år stramma inn på grunnleggande basisytingar for desse menneska, men dei vel å bli i Noreg likevel, fordi dei opplever det som alt for farleg å reisa tilbake.

Lokale styresmakter fleire stader i Noreg går mot kva styresmaktene sentralt vedtek. I Bergen var dei på glid, men alt i dette er skjørt og avhengig av politisk styring. Noverande byråd valde å kutta i stønad til Helsesenter for papirlause i byen vår.

Vestland arbeider for betring.

«Noreg bryt menneskerettane ved å ikkje tilby papirlause betre hjelp», seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Papirlause flyktningar må få rett til helsehjelp, rett til å gå på skole, arbeida, bu, rett til å leva saman med borna sine – og varig opphald etter fem år!
Det er kva me jobber for i det nasjonale Yemane-nettverket som består av ei rekkje ideelle organisasjonar.

Yemane Teferi var ein av dei papirlause flyktningane. Han vart fødd i Eritrea i 1957. Natt til 8. januar 2016 døydde han på Bømlo, etter 24 år i asylmottak i Sverige og Noreg. Han måtte flykta frå heimlandet. Han havna i limbo. Han sa før han døydde at han ikkje lenger visste om me her tenkte han var eit menneske, eit dyr eller ein stein.