Han er roleg og reflektert. Ansiktet hans fortel meir enn ord. Han er alvorleg, fell fort inn i eigne tankar og tårene kjem fort. Han dvelar ikkje lenge ved fortida før han fortset med det som svir mest:

– Eg har ingenting! Ingen rettar. Eg veit ikkje om dei tenkjer at eg er eit menneske eller dyr eller ein stein! Eg kallar dette livet mitt for husarrest. Etter 25 år er det ikkje lett å leva på eit asylmottak. Eg byrjar å bli gammal. Hovudet mitt fungerer ikkje så godt lenger, seier Yemane, og tar seg til hovudet.

Yemeni Teferi har enno ikkje gitt opp håpet om eit verdig liv. Han byrjar å bli gammal. Jobb og kone og born er draumar han hadde. No er draumen å bli ein fri mann.

– Når ei sak drar så lenge ut i tid, og myndigheitene ikkje sender asylsøkjaren ut, meiner eg at staten har plikt til å normalisere situasjonen hans. Det er kjernen i det rettslege, sa Schjatvet til VG i april i fjor.

Om han døyr på denne måten, så vil han endeleg for første gong få sin eigen jordflekk på norsk jord der han kan få opphalda seg lovleg.

Grethe Kjøsnes, Bømlo-nytt 2015-10-25